Bomberegn og fallskjermslipp
Tekst: Trond Aasland / NIA
På formiddagen 16. november 1943 styrte ikke mindre enn 175 B-17 og B-24 amerikanske bombefly seg inn gjennom Telemark. Da de passerte Gransherad falt en kommentar på gården Mjelland: «No trur eg det kjem til å skje nok fælt på Rjukan». Det var forferdelig det som skjedde – og det kunne ha blitt enda verre.
Det finnes flere øyenvitneskildringer av bombingen av Vemork og Rjukan denne novemberdagen, både i bokform, brev og annet. I boka «En Rjukangutts krigsminner 1940-45» skriver Einar Moen at bombingen av tungtvannsfabrikken på Vemork og fabrikkanleggene på Rjukan var noe av det verste han opplevde under krigen. De var kommet til fjerde skoletime da flyalarmen gikk. Han var blant de siste som kom seg inn i kjellerrommet. Et øyeblikk etter hørte de de første hvinene fra styrepropellene på bombene som allerede var sluppet fra flyene.
Verdensarvsenterets oppdrag er å spre kunnskap og skape oppmerksomhet om de fremstående universelle verdiene til norske verdensarvområder, gi forståelse for hvordan disse skal tas vare på og sette den norske verdensarven inn i et
internasjonalt perspektiv. Verdensarvsenteret er organisert med besøkssteder på Vemork på Rjukan og Telemarksgalleriet på Notodden. I tillegg formidler senteret vår lokale verdensarv på Rjukanbanen. Senteret jobber med etablering av en generell verdensarvutstilling som utvikles av
Riksantikvar og interesseorganisasjonen Norges Verdensarv i tillegg til et omfattende arbeid med etablering av utstillinger for vår lokale verdensarv på Rjukan og Notodden. Verdensarvsenter Rjukan-Notodden industriarv forvalter og formidler de fire pilarene i vår verdensarv:
- Kraftproduksjon med dammer, tunneler og kraftstasjoner
- Fabrikkene med fremstillingsmetoder for mineralgjødsel
- Bysamfunnene Rjukan og Notodden
- Transportåren Rjukanbanen -Tinnosbanen – navlestrenger til verdensmarkedet
5. juli 2015 ble Rjukan-Notodden industriarv skrevet inn på UNESCOs verdensarvliste. Innskrivingen bygger på en epokegjørende oppfinnelse; industriell fremstilling av gjødsel til landbruket vedhjelp av vannkraft.
Professor Kristian Birkeland og ingeniør Sam Eyde ledet an i tviklingen av den elektriske lysbueovnen som gjorde det mulig å binde luftens nitrogen og lage gjødsel til bonden. Ved å temme fossen og føre vannet gjennom tunneller og rør ble det mulig å lage store kraftverk og store mengder elektrisk kraft. Det er tidenes viktigste oppfinnelse i Norge.
Verdensarvstatus er det høyeste internasjonale kvalitetsstempel et område kan få og medfører ansvar for å sikre verdensarvstedene for ettertiden.
Rjukan-Notodden industriarv strekker seg 92 km fra Møsvatn i Vinje til Heddalsvannet på Notdden, med til sammen 97 signifikante objekter i tre kommuner. Rjukan-Notodden Industriarv er et av åtte verdensarvsteder i Norge og per januar 2019 blant 1092 verdensarvsteder i Verden.
Motorlarmen og eksplosjonene lagde et voldsomt ekko som smalt fram og tilbake mellom fjellveggene. Trykkbølgene fra eksplosjonene var så voldsomme at dører ble slått inn. Moen forteller at da de omsider våget seg ut, så de svart røyk og høye flammer slå opp fra fabrikkområdet. På bysiden av Måna var butikkvinduer smadret. Glass og splinter lå strødd overalt. Metallgjenstander og bombesplinter var slengt over elva fra fabrikksiden.
Moen skriver videre at til tross for de store ødeleggelsene på fabrikkområdet, var Stallen, det øvre byområdet og Flekkebyen skånet for direkte bombenedslag. Han mener bombingen hadde karakter av presisjon for å skåne sivilbefolkningen i byen.
Inne på fabrikkområdet brøt det ut brann i tårnhusa og emballasjefabrikken. På Våer traff bomber et nybygd tilfluktsrom. 16 personer ble drept. De fleste var kvinner og barn. Fire bomber traff kraftverket på Vemork, to traff hydrogen- og tungtvannsfabrikken. De fire øverste etasjene blei ødelagt. Nær hundre personer mistet nær sagt alt de eide. Alt i alt gikk tjue liv tapt.
Einar Moen hadde en bror, Odd, som gikk på den høyere skolen, som lå i Birkelunden. I hans klasse var det ei jente som bodde på Vemork. Jenta var naturlig nok svært spent på hvordan det hadde gått med foreldrene hennes. Utpå ettermiddagen fikk jenta den triste meldingen om at moren var død, men at faren var uskadd.
Den samme dagen, en dag med kaldt og klart vær, sto ei 15 år gammel jente ute på gårdsplassen i Gransherad. Navnet hennes var Aslaug Nisi. Hun forteller:
– Me heldt på å slakte gris på garden då me med eitt høyrde skarpe lydar frå himmelen og fekk auge på ein heil armada med store fly i høg fart med kurs mot Tinnsjøen og Rjukan. No trur eg det kjem til å skje noko fælt på Rjukan, sa far – og det skulle syne seg at han hadde heilt rett.
Eg kan ikkje gløyme denne hendinga, like lite som eg kan gløyme 9. april 1940, den sundagen i februar 1944 då DF «Hydro» vart senka på Tinnsjøen eller 8. mai og 17. mai året etter. Det er vonde hendingar, vonde minne – men dei siste dagane ber sjølvsagt i seg gode minne. Eg har bore dei med meg gjennom heile mitt vaksne liv. Det er slik det må vera. På eit vis vart vi – underleg nok – vande med at det var krig, men eg kunne aldri førestilla meg at ei så vond tid skulle vara i fem år. Rett nok var vi som budde på gard betre stilte enn mange andre – men eg kastar aldri ei potet, heller ikkje i dag. Noko sit hardt i meg….
Allereie i aprildagane i 1940 var alt nære på å enda i ein stor tragedie. Under trefningane ved Tinnå-brua i Gransherad oppfatta det tyske befalet det slik at sivile hadde stilt hus og heim til rådvelde for norske soldatar. I etterkant var det meir enn på tale at sivile skulle avrettast som ein represalie. Aslaug fortel at far, mor,og veslesyster var mellom dei utvalde som vart stilt opp på tunet med hendene over hovudet, klare for å bli skotne. Sjølv var ho, kan hende litt tilfeldig, ein annan stad akkurat då. Så skulle likevel avrettinga verta stogga, mest fordi ein kar i bygda kunne såpass godt tysk at han fekk rydda unna alle misforståingar. Liv vart spart.
Aslaug vaks up på garden Mjelland i Brekkegrenda i Gransherad. Frå garden hadde dei høyrt at det var trefningar i Gransherad. Jo, dei skjøna at det var krig – og no var han komen til Gransherad.
I dei to siste krigsåra vart Brekkegrenda eit særs viktig område for motstandsrørsla og førebuingar for å hindra tysk sabotasje i samband med tilbaketrekking og ein komande kapitulasjon. Slepp-plassen for utstyr frå England, som vart kalla Dolpa eller Cow, sto sentralt i Operasjon Sunshine. Folk i Brekkegrenda, unge som gamle, måtte halde tett om kva dei såg og kva dei høyrde om det som gjekk føre seg inne på Brekkeheia.
– Tyskarane hadde nok sine mistankar. Eg hugsar at dei ein gong kom oppom i grenda vår, men så snudde dei! Bror min Clas og ein kamerat, dei var om lag 15 år gamle då, støtte ein gong på nokre av Sunshine-karane og måtte lova aldri å seie eit ord om kven dei hadde møtt eller kva dei hadde sett. Operasjonsleiaren, Leif Tronstad, var innom på ein av gardane og overnatta – berre tre dagar før han vart teken av dage ved Syrbekkstaulen i Rauland.
– Andre unge gutar var med og tok imot og fekk frakta bort utstyr som vart slept nattetider. Det var ikkje til å unngå at eit og anna òg kom mellom hendene på vanlege sivile. Sjølvsagt var det noko spesielt med fallskjerm-silke. Slikt tøy av høg kvalitet vart forvandla til brurekjolar, skjørt, gardiner, anorakkar og anna. Nokre boksar med kjeks kan eg vel òg hugsa at gjorde stor lukke.
I krigsåra var tyske soldatar utstasjonerte i Gransherad og på Tinnoset. Skuleungane vart vande med å passere kontrollpostar. – Kan hende vart me òg vande med at også soldatane var menneske, ja., vanlege menneske som oss andre. Nokre gonger stogga dei oss, tok fram bilete som dei bar på innerlomma. Det var bilete av barn, deira eigne barn heime i Tyskland – og så gret dei.
– Du meiner at de som budde på ein gard hadde det betre enn mange andre i desse åra?
– Eg kan ikkje hugsa at eg nokon gong var svolten. Me hadde potet og kålrot, smør og flesk – ja, ein gris. Så var det sjølvsagt desse rasjoneringskorta, men med kort var det mogleg å gjera ein bytehandel. Det gjekk på eit vis. Far min hadde ei kvern på låven, eit reint klenodium. Han mala kveite der, og då eg skulle vera konfirmant hausten -43, vart det nytta nykvenna kveitemjøl i sandkakene. Det var som å eta kransekake. Noko betre hadde eg aldri ete! Nye klede til konfirmasjonen vart òg ordna, med hjelp frå to sydamer i Høybødalen på Notodden.
– Månaden etter, 16. november, vart Rjukan og Vemork bomba, og tre månader seinare kom endå ein tragedie. Eg hadde vore på skirenn den februar-sundagen i -44 og skjøna straks at med senkinga av DF «Hydro» på ein iskald innsjø så var òg mange liv gått tapt. Det kjendest veldig vondt. Så kom alltid spørsmålet; var det nokre som vi kjende?
– Eg må seie at 8. mai står i ein veldig kontrast til alt det eg har nemnt. Radioapparat kom fram igjen. Heimefronten ga seg til kjenne, me kunne kjenne oss tryggare – og så kom sjølvsagt 17. mai og stadfesta at no var landet og folket verkeleg fritt igjen. Nokre reiste til Oslo og ville vera med på feiringane der. Eg kjende nok at eg framleis var for ung til det. Det vart meir enn god nok feiring i Gransherad!