fbpx
Rjukan-Notodden industriarv

Ein mann i Birkelands fotspor – i snø og luft

Tekst: Trond Aasland / NIA

På månen finst eit krater som ber namnet hans, men i fødebyen Skien er han lite kjend.

I 1971 vart eit stort krater på månen gjeve namnet «Størmer». Berre nokre få vitskapsmenn har namnet sitt knytt til strukturar på månen. Carl Størmer (1874-1957) vart fødd i Skien og var son av ein kjent apotekar i byen.

18 år gamal byrja han å studere ved universitetet i Kristiania. Eit år seinare vart han kjent som den unge mannen som fotograferte folk med skjult kamera. Faktisk er det slik at bileta han tok i åra 1893-98 blir vurdert som dei aller beste som er tatt i hovudstaden i den perioden.

Verdensarvsenterets oppdrag er å spre kunnskap og skape oppmerksomhet om de fremstående universelle verdiene til norske verdensarvområder, gi forståelse for hvordan disse skal tas vare på og sette den norske verdensarven inn i et
internasjonalt perspektiv. Verdensarvsenteret er organisert med besøkssteder på Vemork på Rjukan og Telemarksgalleriet på Notodden. I tillegg formidler senteret vår lokale verdensarv på Rjukanbanen. Senteret jobber med etablering av en generell verdensarvutstilling som utvikles av
Riksantikvar og interesseorganisasjonen Norges Verdensarv i tillegg til et omfattende arbeid med etablering av utstillinger for vår lokale verdensarv på Rjukan og Notodden. Verdensarvsenter Rjukan-Notodden industriarv forvalter og formidler de fire pilarene i vår verdensarv:

  • Kraftproduksjon med dammer, tunneler og kraftstasjoner
  • Fabrikkene med fremstillingsmetoder for mineralgjødsel
  • Bysamfunnene Rjukan og Notodden
  • Transportåren Rjukanbanen -Tinnosbanen – navlestrenger til verdensmarkedet

5. juli 2015 ble Rjukan-Notodden industriarv skrevet inn på UNESCOs verdensarvliste. Innskrivingen bygger på en epokegjørende oppfinnelse; industriell fremstilling av gjødsel til landbruket vedhjelp av vannkraft.

Professor Kristian Birkeland og ingeniør Sam Eyde ledet an i tviklingen av den elektriske lysbueovnen som gjorde det mulig å binde luftens nitrogen og lage gjødsel til bonden. Ved å temme fossen og føre vannet gjennom tunneller og rør ble det mulig å lage store kraftverk og store mengder elektrisk kraft. Det er tidenes viktigste oppfinnelse i Norge.

Verdensarvstatus er det høyeste internasjonale kvalitetsstempel et område kan få og medfører ansvar for å sikre verdensarvstedene for ettertiden.

Rjukan-Notodden industriarv strekker seg 92 km fra Møsvatn i Vinje til Heddalsvannet på Notdden, med til sammen 97 signifikante objekter i tre kommuner. Rjukan-Notodden Industriarv er et av åtte verdensarvsteder i Norge og per januar 2019 blant 1092 verdensarvsteder i Verden.

Carl Størmer tok fleire bilete av Henrik Ibsen med skjult kamera.

Størmer tok mellom anna gode bilete av Henrik Ibsen og arrangerte eigne fotoutstillingar med desse bileta. Truleg var det berre professor Kristian Birkeland som la merke til at ei fotolinse stakk ut gjennom knappholet – og skal ha bede om ei forklaring. Dei to skulle etter kvart få ein del med kvarandre å gjere.

Som student tok Størmer eksamenar i matematikk, mekanikk, geologi, astronomi, botanikk, meteorologi og geografi. Hovudinteressa vart etter kvart matematikk, og det var matematikk han heldt fram med å studere ved Sorbonne-universitetet i Paris og sidan i Göttingen i Tyskland.

I 1903 – 29 år gamal – vart han utnemnt til professor i matematikk ved universitetet i Kristiania. Sjølv om han sto i denne stillinga i meir enn 40 år, kom han etter kvart til å styre mykje tid og krefter mot å finne svar på nokre av dei vanskelegaste spørsmåla som gjaldt nordlyset.

Carl Størmer frå Skien blei saman med Kristian Birkeland nominert til Nobelpris i fysikk tre gonger og førte som forskar arven vidare etter professor Birkeland. (Foto: L. Forbech, Kristiania).no-nb_sml_ 008

«Det var Birkeland»

I 1927 skreiv Størmer at det var «Birkeland, som med sitt geniale blikk øinet hva for en naturens hemmelighet det skjulte sig bak de betagende nordlysfenomæner» og han la til at løysinga av nordlysets gåte bør serleg interessere oss nordmenn, «thi det kan uten overdrivelse sies at Norge har gaat i spissen og fremdeles indtar den ledende stilling i nordlysforskningen».

Carl Størmer er ikkje Norges første nordlys-pioner. Den posisjonen tilhøyrer Christofer Hansteen (1774-1873). Kristian Birkeland (1867-1917) er likevel Størmers viktigaste inspirator. Allereie i 1899 fekk Birkeland bygd eit observatorium på Haldde ved Alta, og det var til Bossekop ved Alta at professor Størmers første nordlysekspedisjon gjekk i februar 1910.

Arbeidet hans som nordlysforskar kom til å strekkje seg over fem tiår. Då han i 1950 vart beden om å samanfatte innsatsen sin på dette feltet, gjekk han i gang med å utarbeide eit stort verk; The Polar Aurora, som vart utgjeve på Oxford University i 1955.

Professor Alv Egeland har skrive ein biografi om Carl Størmer. Her summerer han opp dei viktigaste resultata av Størmers vitskapelege arbeid i fire hovudpunkt:

  • Størmer konstruerte dei første brukbare nordlyskamera som vart teke i bruk over heile verda. Dei var det viktigaste nordlysinstrumentet fram til romalderen.
  • Størmer publiserte det første nordlysatlaset, som var ei viktig lærebok for alle som ville undersøke dette naturfenomenet.
  • Størmer bestemte høgda av nordlyset, som var det mest kontroversielle spørsmålet for 100 år sidan, ein gang for alle.
  • Størmer berekna banane til nordlyspartiklene på deira veg frå sola til jorda.
Berre Kr. Birkeland oppdaga at Carl Størmer opererte med eit skjult kamera – og ga straks beskjed om at han ville ha ei forklaring av den unge studenten. (Foto: C. Størmer).

Ein Nobel-pris verdig?

Både i 1915, -16 og -17 foreslo medlemer av den svenske Nobelkomiteen å tildele Carl Størmer og Kristian Birkeland Nobelprisen i fysikk for arbeidet deira innanfor kosmisk fysikk.

Det avgjerande problemet kan ha vore at komiteen meinte den ikkje var kompetent til å vurdere kandidatar på dette fagfeltet. Birkeland døyde sommaren 1917, og dermed vart saka uaktuell det året. Nominasjonane er likevel sterke uttrykk for den internasjonale merksemda som Birkeland og Størmers arbeid vekte.

Carl Størmer opplevde for sin del både å bli utnemnt til Riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og å motta storkorset av same orden. Han vart medlem av Royal Society i London og Det Franske Akademiet for forsking mm, og han vart æresdoktor ved fleire universitet i Europa. Ein kjent britisk nordlysforskar, Sydney Chapman, skreiv året etter at Størmer gjekk bort at han hadde «vunne seg eit udøydeleg namn innanfor polarlysforskinga».

Du vil og like