fbpx
Rjukan-Notodden industriarv

Det fyrste vasskraftverket

Tekst: Trond Aasland / NIA

«Det tør være af interesse at notere, at der allerede i 1877 var bygget et elektrisk anlæg til belysning af fabriken, med 1 turbin, som merkelig nok gaar den dag i dag».

Denne teksten finn me i bokverket «Norges Handel – Sjøfart og Industri, Bratsberg Amt»,som vart utgjeve i 1913 og er skriven av James Borchsenius. Kan dette tyde at verdas aller fyrste vasskraftverk vart oppført ved Tinnefossen på Notodden? Svaret er ja. Nærare undersøkingar ser ut til å stadfeste at opplysningane er riktige.

Fråsegna vert endå meir interessant når me ser saka i samanheng med kva andre kjelder seier om kor det fyrste vasskraftverket i verda vart bygd. Andre kjelder omtalar kraftverk som er vart oppførte i åra mellom 1878 og 1882.

Verdensarvsenterets oppdrag er å spre kunnskap og skape oppmerksomhet om de fremstående universelle verdiene til norske verdensarvområder, gi forståelse for hvordan disse skal tas vare på og sette den norske verdensarven inn i et
internasjonalt perspektiv. Verdensarvsenteret er organisert med besøkssteder på Vemork på Rjukan og Telemarksgalleriet på Notodden. I tillegg formidler senteret vår lokale verdensarv på Rjukanbanen. Senteret jobber med etablering av en generell verdensarvutstilling som utvikles av
Riksantikvar og interesseorganisasjonen Norges Verdensarv i tillegg til et omfattende arbeid med etablering av utstillinger for vår lokale verdensarv på Rjukan og Notodden. Verdensarvsenter Rjukan-Notodden industriarv forvalter og formidler de fire pilarene i vår verdensarv:

  • Kraftproduksjon med dammer, tunneler og kraftstasjoner
  • Fabrikkene med fremstillingsmetoder for mineralgjødsel
  • Bysamfunnene Rjukan og Notodden
  • Transportåren Rjukanbanen -Tinnosbanen – navlestrenger til verdensmarkedet

5. juli 2015 ble Rjukan-Notodden industriarv skrevet inn på UNESCOs verdensarvliste. Innskrivingen bygger på en epokegjørende oppfinnelse; industriell fremstilling av gjødsel til landbruket vedhjelp av vannkraft.

Professor Kristian Birkeland og ingeniør Sam Eyde ledet an i tviklingen av den elektriske lysbueovnen som gjorde det mulig å binde luftens nitrogen og lage gjødsel til bonden. Ved å temme fossen og føre vannet gjennom tunneller og rør ble det mulig å lage store kraftverk og store mengder elektrisk kraft. Det er tidenes viktigste oppfinnelse i Norge.

Verdensarvstatus er det høyeste internasjonale kvalitetsstempel et område kan få og medfører ansvar for å sikre verdensarvstedene for ettertiden.

Rjukan-Notodden industriarv strekker seg 92 km fra Møsvatn i Vinje til Heddalsvannet på Notdden, med til sammen 97 signifikante objekter i tre kommuner. Rjukan-Notodden Industriarv er et av åtte verdensarvsteder i Norge og per januar 2019 blant 1092 verdensarvsteder i Verden.

Ein utrangert turbin frå eit tidlegare kraftverk vart tidleg på 1900-tallet teken i bruk som innramming rundt ei flaggstong utafor tresliperiet på Tinfos.
  • I boka «Industrial archaeology review», utgjeve av Oxford University Press i 1887, heiter det: «In 1878 the world’s first hydroelectric power scheme was developed at Cragside in Northumberland, England by William Armstrong». Det står også å lese at strømmen ble brukt til en enkelt buelampe i hans kunstgalleri. Dette er informasjon som vi også kan finne på Wikipedia.
  • En amerikansk formidlingsside med regjeringsnettadresse fortel om eit vasskraftverk som vart oppført høsten 1882: “On September 30, 1882, the world’s first hydroelectric power plant began operation on the Fox River in Appleton, Wisconsin.” http://www.americaslibrary.gov/jb/gilded/jb_gilded_hydro_1.html
  • Kva seier så norske kjelder Store Norske Leksikon skriv dette: «Det har vært vanlig å anta at Norges, og trolig også verdens første vannkraftverk, ble tatt i bruk i 1882 på Senjens Nikkelverk i Hamn på Senja. Den gangen så man ikke for seg at strømmen kunne brukes til annet enn belysning. Kraftverket var ikke større enn at det ga nok strøm til å drive åtte lysbuelamper».
  • I same kjelde finn me dette: «Imidlertid fins det kilder som rokker ved dette, og som tyder på at Notodden var først ute: Ved gamle Tinfos 1 skal det første kraftverket ha stått ferdig allerede i 1877 til belysning i fabrikken, som bestod av mølle, sagbruk og tresliperi».
  • I ein artikkel i Telen i 2017 skriv Edgar Gundersen at det kan ha blitt montert ein dynamo på akslingen på den ledige turbinen på Tinfos. Ei eller fleire bogelamper vart kopla til dynamoen. Aggregatet kan ha vore ein Jonval-turbin frå Myrens Mekaniske.

Ved Tinnefossen låg det til rette for å byggja eit mindre vasskraftverk allereie på 1870-tallet då det vart oppført tresliperi og sagbruk og ikkje lenger etter vart igangsett produksjon av papir. Inne i Myrens dam finn vi årstala 1807 og 1907 rissa inn i murstøypen. Til den første mølla tidleg på 1800-talet var det hogd ut ein tunnel frå Tinnefossen. Papirfabrikken og tresliperiet fekk vann i ei renne for å drive maskinane. Renna kan ein sjå på fleire bilete som er tekne på 1880- og -90-talet.

I tresliperiet kan ein dynamo ha vorte kopla på akslingen på ein ledig turbin, og bogelamper kan via eit leidningsnett ha vore kopla til dynamoen. Eit bilete som er tatt litt før forrige hundreårskiftet syner at det er ljos frå lamper i taket inne i tresliperiet. Dette er med andre ord frå tida før den fyrste større kraftstasjonen – Tinfos I – sto ferdig i 1901.

Det andre biletet frå tresliperiet, mest truleg frå 1899, syner at det var installert glødelampe for å gje ljos til arbeidet i sliperiet. (Foto: Tinfos/NIA).

Eit anna bilete, som kan vera frå tida medan Tinfos I vart bygd, syner ein utrangert turbin frå eit tidlegare kraftverk. Turbinen er teken i bruk som innramming rundt ei flaggstong utafor tresliperiet. Flaggstonga og turbinen er der jamvel i dag!

Nærare undersøkingar av denne turbinen stadfester at den har ei enkel utforming og må vere gamal. Turbinen har òg tydelege skadar, som òg kan forklare kvifor han vart teken ut av drift. Kan hende skjedde dette etter brannen i tresliperiet i 1895. Når turbinen likevel er teken vare på, ligg det nær å ta det til inntekt for at han har hatt ei spesiell rolle.

Du vil og like