fbpx
Rjukan-Notodden industriarv

Møsvatn var føresetnaden for industrieventyret

Tekst: Trond Aasland / NIA

Møsvatn er eit høgfjellsmagasin – det største i Norge. Det meste av Møsvatn ligg i Vinje kommune. For litt meir enn hundre år sidan var det eit uregulert fjellvatn. Oppdemminga la grunnlag for kraftverk, to byar og stor industri.

Allereie i 1904-06 vart Møsvatn regulert av Skiens Brugseierforening saman med andre aktørar. Ingeniør Olav Heggstad leia dei krevjande arbeida. Utbyggingane i Møsvatn-Skarfoss-Vemork-området ligg mellom 900 og 500 meter over havet, der vinteren er lang og hard. Likevel vart reguleringsarbeidet etter kvart drive fram i høgt tempo.

Verdensarvsenterets oppdrag er å spre kunnskap og skape oppmerksomhet om de fremstående universelle verdiene til norske verdensarvområder, gi forståelse for hvordan disse skal tas vare på og sette den norske verdensarven inn i et
internasjonalt perspektiv. Verdensarvsenteret er organisert med besøkssteder på Vemork på Rjukan og Telemarksgalleriet på Notodden. I tillegg formidler senteret vår lokale verdensarv på Rjukanbanen. Senteret jobber med etablering av en generell verdensarvutstilling som utvikles av
Riksantikvar og interesseorganisasjonen Norges Verdensarv i tillegg til et omfattende arbeid med etablering av utstillinger for vår lokale verdensarv på Rjukan og Notodden. Verdensarvsenter Rjukan-Notodden industriarv forvalter og formidler de fire pilarene i vår verdensarv:

  • Kraftproduksjon med dammer, tunneler og kraftstasjoner
  • Fabrikkene med fremstillingsmetoder for mineralgjødsel
  • Bysamfunnene Rjukan og Notodden
  • Transportåren Rjukanbanen -Tinnosbanen – navlestrenger til verdensmarkedet

5. juli 2015 ble Rjukan-Notodden industriarv skrevet inn på UNESCOs verdensarvliste. Innskrivingen bygger på en epokegjørende oppfinnelse; industriell fremstilling av gjødsel til landbruket vedhjelp av vannkraft.

Professor Kristian Birkeland og ingeniør Sam Eyde ledet an i tviklingen av den elektriske lysbueovnen som gjorde det mulig å binde luftens nitrogen og lage gjødsel til bonden. Ved å temme fossen og føre vannet gjennom tunneller og rør ble det mulig å lage store kraftverk og store mengder elektrisk kraft. Det er tidenes viktigste oppfinnelse i Norge.

Verdensarvstatus er det høyeste internasjonale kvalitetsstempel et område kan få og medfører ansvar for å sikre verdensarvstedene for ettertiden.

Rjukan-Notodden industriarv strekker seg 92 km fra Møsvatn i Vinje til Heddalsvannet på Notdden, med til sammen 97 signifikante objekter i tre kommuner. Rjukan-Notodden Industriarv er et av åtte verdensarvsteder i Norge og per januar 2019 blant 1092 verdensarvsteder i Verden.

Møsvassdammen vart påbygd og ombygd fleire gonger. Bildet syner den andre dammen. Foto: Hydro/NIA.

Ein avtale i 1907 om Tinnosdammen la føring for vidare regulering av Møsvatn, slik at eit nytt prosjekt kunne kome i gang allereie i juli same år. Konsesjon var fram til den tid ikkje naudsynt når alle grunneigarane var samde om planane. Ei endring i lova kravde samtykke frå Kongen for større arbeider, som ha ga berre få dagar etter at dei nye arbeida på Møsvatn var sette i gang.

Strid om Tinnsjø- og Møsvass-reguleringane bygde oppunder uroa i Stortinget. Først vedtok regjeringa Michelsen den såkalla “panikklova” 7. april 1906, og fem år seinare kom konsesjonslova som sikra at kraftanlegget kunne gå attende til staten eller det må forhandlast om vilkår for å fornye konsesjonen.

Pionerprosjekt

Utbygginga av Rjukanfalla gjekk ut på å dele fallet frå Skarfoss (ca 850 m.o.h.) til Såheim (ca 300 m.o.h.) i to trinn – Vemork og Såheim – og byggje ut Vemork først. Det vart ei ny type kraftverk; høgtrykksanlegg med stor fallhøgde, fjelltunnelar og regulering i høgfjellet. Vemork og Såheim vart nyskapingar. Den einaste utbygginga som var i same klasse på den tida var Tyssefalla i Hardanger.

Familien Vågen binder korn på gården Vågen, Møsstrond

Høgt vatn – til ein høg pris

Rundt Møsvatn låg eit etter tilhøva livskraftig sjølvbergingssamfunn, basert på jordbruk, dyrehald, jakt og fiske. Med gardsdrifta som navet i bygdesamfunnet måtte omkostningane bli store. Reknestykket var i prinsippet lett: Dess høgare dammen og reguleringshøgda vart, desto større vart den jamne vassføringa gjennom kraftverka mellom Vidda og havet. Men når vatnet steig, vart òg meir jordbruksland demt ned. Reguleringane førte til at eit areal på rundt 30.000 dekar vart sette under vatn.

I tillegg til Møsvassdammen mot søraust vart bygd ein reguleringsdam mot vest – Torvehovdammen. Reguleringane av Møsvatn har gjeve eit magasin som i våre dagar har plass til meir enn ein milliard kubikkmeter vatn. Reguleringane skapte Kråmøyi, Mellomøyi og Hovdeøyi. Det som tidlegare var tre vatn i høgfjellet vart til eit stort Møsvassmagasin. Viktige natur- og kulturverdiar gjekk tapt.

På Møsvasstangen er mengder av kullgroper og blesterplassar frå den rike jernvinnetida (500-1200 e.Kr.). Møsstrond og dei fastbuande sto igjen som taparar i det store kraft- og industrispillet. Kompensasjonane som vart gjeve var for lite å rekne.

Kunne lite gjera

Det var i røynda lite dei fastbuande kunne gjera for å påverke avtalene som vart inngått. Mange av gardane vart allereie på 1800-talet kjøpt opp av utanbygdsbuande, til dømes bønder som ville ha fjellbeite for buskap eller rikfolk som var mest opptekne av å drive jakt og fiske.

Ein engelskmann satt i 1904 med 16 bruksrettar ved Møsstrond. Fleire gardar var eigd av Telemarken Reinsdyrforening. Andre var eigd av Skien Brugseierforening. 50 prosent av jorda var eigd av utanbygdsbuande allereie i 1886. Dette auka til heile 95 prosent i 1910. I år 2000 var 67 prosent av eigedomane ved Møsvatn eigd av folk som ikkje var busette der.

Mann pløyer åker med maskindreven plog

Misnøgde grunneigarar

Avtalene med lokale grunneigarar er sidan blitt kritisert. Fleire av avtalene ga utbyggjaren uavgrensa rett til å regulere mot å gje ein eingongssum. Det kunne vera tale om eit par tusen kroner – ei vanleg årslønn etter datidas tilhøve. Bøndene meinte etter kvart at dei sat med dårlege avtaler. Konsesjonslovene som Stortinget vedtok i 1917, ga kommunen forkjøpsrett ved seinare sal av eigedomar. Dåverande Rauland kommune tok i bruk denne retten, og utover på 1900-tallet vart det reist 12-14 nye bruk.

Ved den første reguleringa vart Møsvatn demt opp 10 meter. Den neste reguleringa kom i 1907, med ytterlegare 2,5 meter oppdemming, og senking på to meter. Den siste reguleringa kom i 1942, slik at skilnaden mellom høgaste og lågaste reguleringsnivå vart 18,5 meter.

Menn går i land fra trebåt. En mann står på land og sikrer båten, to menn i båten holder hver sin koffert, og to menn med frakk står midt i båten.

Våren kjem seinare

Dei omfattande reguleringane påverkar m.a. lokalklimaet. Dei store islagte områda gjer at våren kjem seinare enn normalt. Vanskeleg transport, dårlegare fiske og erosjon langs strendene er òg verknader av reguleringa. Dåverande Rauland kommune protesterte mot reguleringane og fekk etter kvart ei viss godtgjersle på grunn av utbygginga.

Nedanfor Møsvassdammen var tilhøva annleis. Her handla det om å kjøpe opp eigedomane og alle rettar som var knytte til dei – til og med ordne opp i odelsrettar som emigrerte tinndølar kunne sitje på. To av Sam Eydes advokatar var sterkt engasjerte i dette. Garden Lille Vemork vart selt for 1.750 kroner. Store Vemork gjekk for 10.000 kroner. Ytterlegare 4.500 kroner vart lagt til då eit føderåd vart sletta. Såheimsgrenda vart kjøpt for 71.000 kroner. Det gjorde det mogleg for bøndene på Såheim å kjøpe seg gardar andre stader.

Møsvatn er i dag såkalla buffersone med oppsluttande verdi og grensar til verdsarvområdet Rjukan-Notodden. Vinje kommune er verdsarvkommune saman med Tinn og Notodden.

Du vil og like