fbpx
Rjukan-Notodden industriarv

Når ein bjørnunge skriv industrihistorie

25. mars 1904 skal vere siste gongen det vart skote ein bjørn i Hjartdal. Den siste bjørnejakta vart òg den mest vidkjende, ikkje på grunn av jakta, for den var kort og lite heroisk, men meir på grunn av alt som hende etter at bjørnen var skoten.

Fra bygd til by

Det er på det reine at ei bjørnebinne vart observera av to karar då ho kraup inn i hiet nær Stangesjå i Hjartdal ein gong før jul i 1903. Dei to oppførte seg som om dei ikkje var kjende med at «du skal ikke selge skinnet før bjørnen er skutt». For sal vart det – og fleire månader før bjørnen vart skoten! I ein tekst heiter det at det vart sette inn ei annonse i ei hovudstadsavis og at hiet på det viset vart selt til to bykarar for 300-400 kroner. Ei anna kjelde seier berre at bjørnen vart selt «på rot» til to Kristiania-jegerar.

Jegerar var dei – og dei kom til Hjartdal siste veka i mars året etter – og bjørnemor sine dagar var då talde. Ho vart visstnok skoten i hiet eller i opninga av hiet. Lite ante vel dei to karane om at der inne i vinterbustaden låg òg tre små bjørnungar, små og hjelpelause som spedbarn. Dei vart tekne ut. Hjartdølen Halvor Ambjørndalen skal ha bore dei med seg under skjorta heim til bygda, tett inntil kroppen så dei skulle halde seg varme.

Lagnaden til dei tre små er nokolunde klår. Ein av bjørnungane levde berre nokre dagar. Truleg gjekk det på same vis med nummer to. Betre då med den tredje, og årsaka til det var mest sannsynleg at han vart adoptert – teken inn som ein ekstra familiemedlem hjå Halvor og Bergit Ambjørndalen. Bergit skal kort tid tidlegare ha født eit gutebarn og kunne derfor gje bjørnungen varm morsmjølk. Det var ei vanleg meining den gongen at bjørnungar tålde kumelk dårleg, men at dei kunne klare seg godt på morsmjølk. Det var sagt at også ei anna kvinne, Tora Våle, skal ha vore amme for bjørnungen.

Foto: Fotograf Ø.O. Kaasa, Seljord

Det er i alle høve Bergit og Halvor Ambjørndalen som etter ei tid tok «Lille-Bjørn» med til fotograf Ø.O. Kaasa i Seljord. Der vart det teke fleire bilete. Så gjekk turen heim att. «Lille-Bjørn» skal ha vore «snill og grei». Slik levde han ei tid og tok vel stega frå spedbarn til eit meir livleg barn. Munnlege kjelder meiner at familien Ambjørndalen var på gjennomreise på Notodden, truleg til Skien, då bjørnungen sitt liv tok ei ny og uventa vending. For på Notodden vart følgjet frå Hjartdal observera av direktøren på Hotell Furuheim og ingeniør Bjarne Hansen. Dei to må ha teke ei snarleg avgjerd og forhandla seg fram til ein pris som vart godteke.

Dermed kom bjørnen på nye hender og eit heilt anna liv tok til. Bjarne Hansen var ein meir enn vanleg kreativ ingeniør som var med og bygde opp ein forsøksfabrikk for salpeter ved Heddalsvatnet. I ledige stunder fant han glede i å trene bjørnungen til ein komande «karriere som sirkusartist». Nokre bilete gjev eit inntrykk av dette, men eigentleg veit vi ikkje meir enn at folk syntest det var morosamt å sjå på samspelet mellom Bjarne og bjørnen. Så skulle det vise seg at nett dette var til stor hjelp då ein komité av utanlandske ekspertar kom til Notodden rundt 20. juli 1905. Dei var oppnemnt av Banque Paribas og skulle finne ut om den nye salpeterindustrien som nett var komen i gang var noko å satse pengar på.

Sam Eyde har skrive nokså inngåande om dette i sjølvbiografien som han ga ut i 1939. Eyde skriv at «store ting stod på spill». Skulle komiteen kome til ein negativ konklusjon, så ville det sjølvsagt bli endå vanskelegare om Eyde måtte forhandle med andre finansieringskjelder. Kan hende engsta han seg utan grunn.

 «Vi hadde ventet å finne et rått forsøk på å virkeliggjøre en umulighet,” sa professor S.T. Thompson, som leia komiteen. Men ikkje berre møtte ekspertane ein nokså velfungerande fabrikk, dei opplevde òg fleire gonger at Eyde kalla på Bjarne og den tamme bjørnungen. Den skal ha vore svært så nyttig for å skape den rette atmosfæren. Når situasjonen kravde det, heldt han “bjørnesirkus”.

«Når det knep med å overbevise de fremmede utsendinger, eller vi hadde følelsen av at de plaget oss for meget med sine spørsmål, hadde vi en ypperlig hjelper i en liten tam bjørnunge, som gikk fritt omkring på gårdsplassen utenfor fabrikken. Den var umåtelig pussig; og med sine morsomme sprell og fakter kunde den holde deres opmerksomhet fanget for så lange stunder at vi fikk pusterum til å foreta en eller annen forandring eller komme med en forklaring eller en beregning til imøtegåelse av hvad kommisjonen kunde ha å utsette», heter det i biografien.

Eit bilete av Bjarne og bjørnungen har jamvel funne vegen inn i boka. Frå sommaren 1905 gjekk det ikkje mange månadene for arbeidet var i gang med å byggje ein endå større fabrikk. Og – som det heiter – resten er historie.

Saamund Bergland, som fekk jobb som smed på Hydro i 1907, har fortalt at bjørnen hadde tilhald på eit inngjerda område like ved fabrikkporten. Den skal ha vore grei med Bjarne, men kunne vere litt meir trugande mot andre. Så skal det ha flaksa ei høne inn i bjørnegarden. Den vart spist og bjørnen fekk ord på seg for å vere mannevond. Til sist skal det ha vorte naudsynt å avlive den.

Då gjekk det betre med ingeniør Bjarne Hansen. Han vart driftstyrar på Svelgfoss og frå 1914 sjef for fabrikken på Notodden, ein jobb han hadde gjennom 20 år, heilt til 1934. Bjarne Hansen vert hugsa for mange ting, mellom ann for å ha sagt at ”eit sirkus skal ha ein direktør, medan ein fabrikk skal ha ein styrar”. Bjarne Hansen vart i grunnen både delar.

For nokre år sidan ga Liv Horn, dotter til Bjarne Hansen, ein stor sekk med «ein frakk etter far» til Hydros Bedriftshistoriske samling på Notodden. Innhaldet i sekken kunne ikkje kunne vere noko anna enn ein frakk laga av bjørneskinn. Den var stiv og tung – vog sikkert langt meir enn fem kilo. Vi fekk tatt eit bilete av den og sendte den til avlusing på museet på Eidsborg og i dag er frakken ein del av samlinga til Norsk industriarbeidermuseum.

Truleg vert det ikkje skrive fleire kapittel i soga om bjørnungen som skreiv industrihistorie, men historia om den nyttige hjelparen lever vidare. Så seint som i 2017 bretta NRK ut denne varianten av industrieventyret på nettsidene sine og vakte undring hjå nye generasjonar av lesarar.

Verdensarvsenter Rjukan-Notodden Industriarv

Utstillingen på Notodden forteller om Lysbueovnen og produktet mineralgjødsel; Norges viktigste oppfinnelse. Fremstillingen av “Norgessalpeter” la grunnlaget for etableringen av Norsk Hydro i 1905. Oppfinnelsen førte til en bedre matvaresituasjon i hele verden.

Et besøk i verdensarvsenteret vil gi deg ny og viktig kunnskap om det som var med på å gi Notodden og Rjukan en plass på verdensarvlista til UNESCO.

Gjødselproduktet la grunnlaget for utviklingen av to helt nye bysamfunn; Notodden og Rjukan i Telemark. Notodden ble den første arenaen for det moderne eventyret, et eventyr som var \med på å føre Norge fra et av Europas fattige bondesamfunn til å bli et moderne velferdssamfunn.

Du vil og like