fbpx
Rjukan-Notodden industriarv

«Vakre omgjevnader er vegen til harmoniske menneske»

Tekst: Trond Aasland / NIA

Var det bybrannen i Ålesund i 1904 som gjorde at nærare 40 hus i sentrum av Notodden vart oppførte med eit preg av jugendstil? Fleire av Notodden og Rjukans arkitektar tok med seg inspirasjon frå Ålesund – og frå «den store verda» – og ga form til mange av dei finaste hus og byggverk innafor verdsarvområdet

Hus med stil: I Bjørnstjerne Bjørnsonsgate på Notodden er det fleire bygg i jugendstil, og gata gjev ei kjensle av at tanken har vore å byggja ein større by enn kva det vart. (Foto: NIA).

Brannar har det vore på Notodden òg, men meir enn 100 år seinare har Notodden framleis om lag 30 bygg som speglar denne epoken, dei fleste i betong, ettersom bybrannen i Ålesund førte til eit nasjonalt pålegg. Det var ikkje lenger tillate å byggje høge hus i tre i sentrale strok.

Verdensarvsenterets oppdrag er å spre kunnskap og skape oppmerksomhet om de fremstående universelle verdiene til norske verdensarvområder, gi forståelse for hvordan disse skal tas vare på og sette den norske verdensarven inn i et
internasjonalt perspektiv. Verdensarvsenteret er organisert med besøkssteder på Vemork på Rjukan og Telemarksgalleriet på Notodden. I tillegg formidler senteret vår lokale verdensarv på Rjukanbanen. Senteret jobber med etablering av en generell verdensarvutstilling som utvikles av
Riksantikvar og interesseorganisasjonen Norges Verdensarv i tillegg til et omfattende arbeid med etablering av utstillinger for vår lokale verdensarv på Rjukan og Notodden. Verdensarvsenter Rjukan-Notodden industriarv forvalter og formidler de fire pilarene i vår verdensarv:

  • Kraftproduksjon med dammer, tunneler og kraftstasjoner
  • Fabrikkene med fremstillingsmetoder for mineralgjødsel
  • Bysamfunnene Rjukan og Notodden
  • Transportåren Rjukanbanen -Tinnosbanen – navlestrenger til verdensmarkedet

5. juli 2015 ble Rjukan-Notodden industriarv skrevet inn på UNESCOs verdensarvliste. Innskrivingen bygger på en epokegjørende oppfinnelse; industriell fremstilling av gjødsel til landbruket vedhjelp av vannkraft.

Professor Kristian Birkeland og ingeniør Sam Eyde ledet an i tviklingen av den elektriske lysbueovnen som gjorde det mulig å binde luftens nitrogen og lage gjødsel til bonden. Ved å temme fossen og føre vannet gjennom tunneller og rør ble det mulig å lage store kraftverk og store mengder elektrisk kraft. Det er tidenes viktigste oppfinnelse i Norge.

Verdensarvstatus er det høyeste internasjonale kvalitetsstempel et område kan få og medfører ansvar for å sikre verdensarvstedene for ettertiden.

Rjukan-Notodden industriarv strekker seg 92 km fra Møsvatn i Vinje til Heddalsvannet på Notdden, med til sammen 97 signifikante objekter i tre kommuner. Rjukan-Notodden Industriarv er et av åtte verdensarvsteder i Norge og per januar 2019 blant 1092 verdensarvsteder i Verden.

Wormsen-gården på hjørnet Birkelandsgate-Oscar Nissens gate på Notodden. Så fin har han ein gong vore. I 2021 vert denne bygården rehabilitert og mykje vert ført attende til det opprinnelege. (Foto: NIA).

Naturleg nok vart det òg bygd nokre familiebustader i jugendstil. Og – ikkje å forgløyme – to gjestehus; Hydros Admini på Rjukan og Admini på Notodden med tilhøyrande Casino i klassisk stil. Hydro la mykje arbeid i bustadene, anten det var for arbeidarar på stader som Grønnbyen og Hvålatoppen eller for funksjonærar på Villamoen. Også når det gjeld den arkitektoniske utforminga kan ein likevel trygt seie at Rjukan kom til å overgå Notodden.

Jugendstilen var ei kunstretning der utøvarane arbeidde med alt frå arkitektur til møbel og kunstgjenstandar. Alt skulle vera gjennomtenkt ned til minste detalj. Ein stil som dyrka det «ungdommelege», og mange av motiva er henta frå naturen.

Den var eit uttrykk for ein retning i tida; «vakre omgjevnader gjev harmoniske menneske». Den vart òg omtala som Art nouveau, Modernismo, Stile Liberty og la Belle Epoque. I Norge og nokre andre land som kjempa for sjølvstende vart jugendstilen oppfatta som eit nasjonalromantisk uttrykk.

Arkitekt Henning Klouman henta impulsar frå fleire arbeidsår i England på 1880-talet. I 1905 teikna han ein villa i Thorleif Haugs vei i Kristiania for Sam Eyde. Eyde var nøgd, for Klouman fekk òg det ærefulle oppdraget å teikne Hydros Admini på Notodden. Her finn vi jugendstil i dristige, men vellukka kombinasjonar med klassisisme og italiensk villastil. Klouman teikna så to av Hydros kraftverk; Svelgfoss I (1907, i borgliknande nyromansk stil), og Lienfos (1909-11).

Arkitekt Thorvald Astrup er mest kjend for bygg i nyklassisisme og funksjonalisme, så som Soria Moria på Torshov, hydrogenfabrikkane på Vemork og på Notodden og kraftverket Svelgfoss II. Eit tydeleg unnatak er Hydros Admini på Rjukan (1908), som er i meir utprega jugendstil.

Furuvang: Mørk-villaen på Tinnesmoen frå 1907 har runde bogar og anna detaljering som syner sambandet med jugendstilen. Uthuset har ein utsjånad som skil seg frå det meste anna på den tida. (Foto: H. Wergelands kunstforlag, Porsgrunn).

Ikkje overraskande var det òg ein og annan privatperson som kasta seg på denne stilen når dei flytta til ein av dei to raskt framveksande byane. Eit døme er villaen Furuvang, også kalla Mørk-villaen, som forretningsmannen Thor Th. Mørk d.e. frå Lisleherad sette opp på Tinnesmoen i 1907 (Huvestadsgate 3 i dag). Mørk var bondeson og slo seg opp med landhandel og manufaktur på Notodden.

Som husbyggjar må han ha tenkt «nytt» og «gamalt» på same tid. Eit og anna frå byggetradisjonen i heimbygda ville han òg ta med seg! Det vart ikkje stukkaturar og prismekroner. Det vart golv av malmfuru og panel på veggen, ikkje mønstrete tapetar, men elles var det jugend-detaljeringar, så det likevel vart ein nasjonalromantisk jugend-inspirert heilskap som speglar den tida då huset vart bygd.

Disponent Th. Th. Mørk d.e. som slo seg fram som handelsmann på Notodden. (Foto: «Det norske næringsliv» (1948).

Huset vart reist med tanke på at det skulle vera bustad for meir enn ein familie. Folketeljinga for 1910 stadfester nett dét. Då bur Anne og Thor Th. Mørk der med seks born og hushjelp, men det er òg ein familie Johansen med tre medlemer som bur i huset. Fredrik Johansen frå Kristiansand er driftsstyrar på jernbanen.

Me får tru at båe familiane hausta rikeleg frå hagen og dyrehaldet i uthuset. På den tida var det vanleg å halde høns og gris. I det heilt ualminnelege uthuset til Mørk var det òg stall for hesten.

Coward-gården i Storgata på Notodden – også den med tydeleg preg av jugendstilen. (Foto: NIA).

Mange av Notoddens bygardar har bølgjande former. Arkitekt Helge Blix er eit interessant namn i samanheng med by-, bustad- og industrireisinga på Notodden og Rjukan. Hausten 1904 finn me han i nedbrente Ålesund. Der teikna han mange nye hus i byens sentrum. Impulsar frå arbeidsår i gjenreisinga av Ålesund er noko han har sams med Heinrich J.S. Karsten, som også reiste vidare til Notodden.

Blix vart frå 1909 arkitekt ved Notodden salpeterfabriker og leiar for Hydros arkitektavdeling. I 1916 fekk han same stilling på Rjukan, for så i 1918 å verta bygningssjef i Kristiansand, ei stilling han hadde til 1946. På Notodden teikna Blix private hus, fabrikkbygg og bygardar. Han sto for utforminga av nokre av dei seinare husa i Grønnbyen.

Sam Eyde hadde som ingeniørstudent i Berlin også studert arkitektur. Ein av lærarane hans skal ha sagt seg lei for at studenten ikkje ville satse vidare på ein karriere på dét området. Men blikket og kjensla for arkitektur og heilskap følgde Eyde heilt til livets slutt – slik me jamvel kan sjå det i gravstaden hans ved kyrkja i Borre i Vestfold.

Du vil og like