fbpx
Rjukan-Notodden industriarv

Tillitsmann, politikar og riksrevisor

Tekst: Trond Aasland

Den 1. mai 2019 opna Norsk industriarbeidermuseum ei fleirårig utstilling på Vemork om kampen for 8-timarsdagen. I utstillinga er Saamund Bergland ein av personane som har ein naturleg plass. Han var leiar for 200 jern- og metallarbeidarar på Notodden og ein av dei som vart dømde i Arbeidsretten for å ha brote vilkåra i arbeidskontrakten – og for å ha teke 8-timarsdagen i eigne hender den 2. mai 1918.

Verdensarvsenterets oppdrag er å spre kunnskap og skape oppmerksomhet om de fremstående universelle verdiene til norske verdensarvområder, gi forståelse for hvordan disse skal tas vare på og sette den norske verdensarven inn i et
internasjonalt perspektiv. Verdensarvsenteret er organisert med besøkssteder på Vemork på Rjukan og Telemarksgalleriet på Notodden. I tillegg formidler senteret vår lokale verdensarv på Rjukanbanen. Senteret jobber med etablering av en generell verdensarvutstilling som utvikles av
Riksantikvar og interesseorganisasjonen Norges Verdensarv i tillegg til et omfattende arbeid med etablering av utstillinger for vår lokale verdensarv på Rjukan og Notodden. Verdensarvsenter Rjukan-Notodden industriarv forvalter og formidler de fire pilarene i vår verdensarv:

  • Kraftproduksjon med dammer, tunneler og kraftstasjoner
  • Fabrikkene med fremstillingsmetoder for mineralgjødsel
  • Bysamfunnene Rjukan og Notodden
  • Transportåren Rjukanbanen -Tinnosbanen – navlestrenger til verdensmarkedet

5. juli 2015 ble Rjukan-Notodden industriarv skrevet inn på UNESCOs verdensarvliste. Innskrivingen bygger på en epokegjørende oppfinnelse; industriell fremstilling av gjødsel til landbruket vedhjelp av vannkraft.

Professor Kristian Birkeland og ingeniør Sam Eyde ledet an i tviklingen av den elektriske lysbueovnen som gjorde det mulig å binde luftens nitrogen og lage gjødsel til bonden. Ved å temme fossen og føre vannet gjennom tunneller og rør ble det mulig å lage store kraftverk og store mengder elektrisk kraft. Det er tidenes viktigste oppfinnelse i Norge.

Verdensarvstatus er det høyeste internasjonale kvalitetsstempel et område kan få og medfører ansvar for å sikre verdensarvstedene for ettertiden.

Rjukan-Notodden industriarv strekker seg 92 km fra Møsvatn i Vinje til Heddalsvannet på Notdden, med til sammen 97 signifikante objekter i tre kommuner. Rjukan-Notodden Industriarv er et av åtte verdensarvsteder i Norge og per januar 2019 blant 1092 verdensarvsteder i Verden.

Verdensarvkonvensjonen ble vedtatt i 1972 etter at kulturminner og naturområder i økende grad hadde blitt utsatt for press i form av krig, naturkatastrofer, forurensing, turisme og forfall.

Mathilde og Saamund mista ei dotter, men tre av borna deira vaks opp. (Foto: Privat).

20 år tidlegare var Saamund Bergland framleis i heimbygda Fyresdal. Det var knapt noko som peika mot at livet hans kunne bli noko anna enn eit slit som lausarbeidar med grøftegraving og tømmerhogst i skogen. Utdanninga han hadde fått med seg var av kleinaste slaget; ti veker vinterkurs fram til han var 14 år. Mor døydde då han var 14. Far Olav tok med seg dei fem borna, flytta frå Plassen under Nordre Skræi og fann ein plass dei kalla Bergland nær Foldsæ landbruksskule, også det i Hauggrend.

Så hende det likevel noko som førte den 19-årige sonen ut av Fyresdal og til eit annleis liv, men han skulle enno i mange år framover vera ein av dei som sat ved den nedre enden av bordet. Kva tenkte han den dagen tilbodet låg på bordet; flytte inn hjå prosten Jon L. Qvisling og verte dreng og kusk på prestegarden i Gjerpen? Han takka ja.

Vidkun Quisling gjekk til åtak

Dottersonen Arne W. Aasland noterte ned kva Saamund fortalde om åra han tenestegjorde for familien Qvisling på Gjerpen prestegard. Han skreiv ein kronikk i Aftenposten som etter kvart fekk stor merksemd. Faksimile frå Aftenposten (12.12. 1999).

Det vart om lag fire år på prestegarden, på godt og vondt. Det vondaste minnet han tok med seg var ein konfrontasjon med ein av sønene, den seinare vidt kjende Vidkun. Ein dag Saamund var på veg inn i huset med eit fange ved, bad han – på sitt fyresdalsmål – om at Vidkun måtte flytte seg på trappa. Vidkun freista å gjera narr av dialekta Saamund tala, men fekk til svar at «det målet tala du au ein gong». Det vart for mykje. I fullt sinne gjekk Vidkun til åtak og sparka av eit av leggbeina på Saamund. Drengen vart liggjande i seks veker og vart teken hand om av fru Anna Qvisling. Saka måtte ikkje koma ut.

Det skulle gå 95 år før hendinga vart alminneleg kjend gjennom ein kronikk i Aftenposten (sjå kjelder). Kjartan Fløgstad las saka med interesse og ga i 2004 ut ei lita bok – «Brennbart» – nærast eit kampskrift i språkstrida i Norge – der konfrontasjonen mellom Vidkun og Saamund var eit apropos, nærmast eit gjennomgangstema.

Frå Malterud i Skien til Notodden

Til fotografen i Skien: Saamund (t.h.) saman med broren Torkild. (Foto: R. Nyblin).

Frå prestegarden i Gjerpen gjekk Saamunds veg vidare til skiftarbeid i papirfabrikken på Skotfos og så, i 1905, til arbeid som køyrekar hjå jernvarehandlar Malterud i Skien. Dagleg køyrde han sement-tønner, jern og anleggsutstyr til brygga. Varene vart sende med båt til Notodden. Her var eit nytt by- og industrisamfunn under utvikling. Han skjøna at det kunne opna seg for eit betre liv der, fekk låne nokre kroner og kasta seg på rutebåten ein sommardag i 1907.

I sine tidlege år på Notodden var Saamund fagarbeidar og smed. Han var m.a. med og bygde Storemobrua på Tinnosbana. Han vart politisk engasjert, fagorganisert og etter kvart formann i fagforeninga for 200 jern- og metallarbeidarar på salpeterfabrikken.

På Dahlens pensjonat i Telegata fann han seg eit rom og fekk eit godt auga til Mathilde Grønlie (1886-1975) frå Siljan. Ho jobba lange dagar på kafeen. Det vart eit mål for han å fri ho ut frå dette slitet. Dei gifta seg i februar 1913 og leigde eit par rom i eit hus i same gata.

Dei fire krigsåra 1914-18 vart ei hard prøve. Alt han tente gjekk med til mat. Fabrikkarbeidarane hadde knapt pengar å leggje i fagforeningskassa. Det var krig i Europa, borgarkrig i Finland og revolusjon i Russland. I Norge var det tre arbeidarparti og skiftande stemning. Saamund var med på Arbeidarpartiets omlegging frå revolusjonær sosialisme til demokratisk/parlamentarisk sosialisme.

Ulovleg streik 2. mai 1918

Tillitsmannen: Saamund (t.h.) var formann for 200 medlemer i Jern- og metallarbeidarforeninga på Hydro. Biletet er frå 1917. Året etter marsjerte arbeidarane ut fabrikkporten klokka 16 den 2. mai – og tok dermed 8-timarsdagen i eigne hender. Året etter vart 8-timarsdagen lovfesta i Norge. (Foto: Hydro/NIA).

Revolusjonen kom ikkje til Norge, men arbeidarane våga å fremja meir radikale krav. Den store saka vart å gjera slutt på 11 timars arbeidsdag og innføre 8-timarsdagen. Levekåra var vanskelege  – med oppblomstring av tuberkulose og spanskesjuke – og særleg vanskelege på dei nyare industristadene, så som Rjukan, Notodden og Odda.

Her tok arbeidarane seg til rette, og tok 8-timarsdagen i eigne hender 2. mai 1918. Fagforeiningsleiarar frå Notodden og Odda måtte møta i Arbeidsretten i Kristiania og vart bøtlagde for å ha brote vilkåra i arbeidskontrakten. Saamund var ein av dei, men betalte aldri bota han vart ilagt.

1919 vart eit år med streif av ljos og betre tider. Med eit betre tariffoppgjer følgde òg ei veke sommarferie. Saamund gjekk i gang med å byggja hus, med stor eigeninnsats og lån frå Hydro. Jamvel med tre born leigde dei ut andre etasjen. Det var heilt vanlig å bu på den måten. Saamund og Mathilde budde i huset på Tinnesmoen gjennom meir enn 50 år.

Tida rundt 1920-talet var ei tid då samfunnet – og ikkje minst lokalsamfunnet – skulle byggjast. Saamund engasjerte seg på mange område; skiping av pensjonskasse, bygging av sjukehus, arbeid i kommunestyret og i Arbeidarpartiet i Telemark. Han var med og skaffa pengar til ei fylkesavis og hadde ulike roller i å få eit samvirkelag i god drift på Notodden. Som kasserar i Samorganisasjonen ordna han det slik at arbeidarane betalte nokre øre ekstra i kontingent til eit fond for Folkets hus. I travle veker kunne det vera to til tre møte kvar kveld. Og han tok ofte dei arbeidskrevjande oppgåvene, så som å vera leiar eller reknskapsførar.

Frå smia til tingsalen

Tingmann. Saamund (nr to f.v. i øvste raden) sat på Stortinget i ei særs turbulent tid – med tre regjeringar – Kolstad, Hunseid og Mowinckel – på tre år. I denne tida vart Saamund godt kjent med m.a. tingmannen og forfattaren Johan Falkberget (t.v. i den midtre raden). Han møtte òg Vidkun Quisling. (Foto: Stortinget).

Søkte han makt og posisjonar? Det ligg nærare å seia at han fekk tillit og oppgåver fordi han utførte dei mange oppgåvene han fekk. Han sto seg på å vera oppteken av sak, ikkje person. Ved inngangen til 30-talet vart han nominert som 2. kandidat på Arbeidarpartiets liste til stortingsvalet. Han kasta seg ut på ein valturné, og utfallet overgjekk forventningane. Hausten 1930 kunne han møta som nyvalt stortingsmann.

Han vart valt inn i justiskomiteen. Han var meir enn fortvila over korleis tre skiftande borgarlege regjeringar meinte Norge skulle spare seg gjennom krisetidene. Saamund var særleg uroa over krisa i industrikommunane i Telemark. Frå talarstolen konfronterte han stortingsfleirtalet med verknadene av ein feilslått politikk. Ordet solidaritet hadde ingen verknad. Det var som å tala til døyve øyre.

Krevjande kriseår

I 1934 var Saamund attende på Notodden. Han var renominert, men mangla nokre få stemmer på å bli attvald. 1934 var eit av dei mest dramatiske kriseåra. På Notodden var Hydro nær å stengje ned all aktivitet. Saamund var ein av mange som vart overført til arbeid på Herøya – og vart vekependlar eit par år. På Notodden måtte han seia frå seg eit tital tillitsverv. Krisa på Notodden vart noko lettare då Hydro overførte ein emballasjefabrikk frå Lillo i Oslo til Notodden. Eit anna tiltak var skipinga av Kufa – Kunstsilkefabrikken, med Sam Eyde som største aksjonær og Saamund som pådrivar og styremedlem.

Medan Saamund møtte på Stortinget vart han utnemnt som varamann til Riksrevisjonen. Ein dag i 1936 kom eit brev som bad han møta opp på Victoria Terrasse i Oslo. Det skulle bli starten på endå ein epoke i livet hans.

Dramatiske krigsår

Siste arbeidsdagen i Riksrevisjonen. Saamund var 70 år då han omsider kunne pensjonere seg. Han fekk 27 gode år som pensjonist. (Foto: Riksrevisjonen).

Gjennom krigsåra arbeidde han på Victoria Terrasse. Riksrevisjonen var truleg den einaste statsinstitusjonen som ikkje vart nazifisert. Ei av dei viktige oppgåvene var å forhindre at Nasjonal Samling kunne ta seg til rette i statskassa. Riksrevisjonen beit seg fast under krigen, mest av eige initiativ. Quisling freista tre-fire gonger å bytte dei ut med ein NS-revisjon. Frå London fekk dei klåre signal om å bli sittande.

Saamund var med på den særs tunge oppryddinga i statsregnskapa etter krigen. Sjefen, H. Lütken, døyde. Saamund vart utnemnt som etterfølgjar. Det hadde aldri skjedd før at ein person utan formell økonomisk utdanning vart øvste sjef for denne statsinstitusjonen, ei verksemd med 600 tilsette på slutten av 1940-talet.

Mange pensjonistår

Helsa var god heile livet. Sjølv om han var overmåte glad i å stella i hagen, lika han òg å dra på tur i skog og mark. Her frå ein blåbærtur med Mathilde og svigerdottera Elsa, truleg på Reshjemheia. (Foto: O. Bergland).

Då Saamund i 1951, 70 år gamal, endeleg vart pensjonist, kunne han bruke meir tid til familien, hagen og å jobbe i snekkarboden. Det kom mykje nyttig og fint ut av det, ikkje minst vedkasser og hagemøblar. Frukttrea var hagens gull. Komposten kom til nytte, for Saamund dyrka potet, gulrøtter, neper, reddik, sukkererter, kruspersille og mykje anna som gjorde seg godt i Mathildes gryter. Han var frisk til det siste og levde heime saman med Mathilde til ho nærma seg dei 90. Han var nokre år eldre. Dei tre siste åra, på aldersheimen, bytta han ut snekkararbeidet med å laga korger og anna som vart selt på julemarknader.

Han var aldri oppteken av å løfte fram eigen person og var ein audmjuk mann inn i livskvelden. Det siste han sa, var dette: «Har eg gjort nokon av dikkon noko vondt, så må de tilgje meg!». Han overlevde alle i sin generasjon. Då han gjekk bort, 97 år gamal, var ingen att som kjende på kva han faktisk hadde utretta gjennom eit langt liv. Difor er det heller ikkje teke noko initiativ til å heidra han. Dét er det framleis mogleg å gjera noko med.

Kjelder:

Saamund Bergland: Samtalar med Alf Mostue, 1950, Arbeiderbevegelsens arkiv Oslo/Skien.

A.W. Aasland: Kronikk i Aftenposten 12.12. 1999.

A.W. Aasland: Saamund fra Fyresdal – arbeidsmann, politiker og livskunstner. Årbok for Telemark 2000.

  1. Aasland: I Hydros tjeneste: Tre snekkere og en smed. Notodden historielags årsskrift 2004.

Avisartiklar i Teledølen og Telen.

Du vil og like